Sök artiklar i SveMed+

Observera: SveMed+ upphör att uppdateras!



"Disse laegevidenskapens höist uegte barn" - kvakksalveri i Tidsskriftet 1900 - 24
Engelsk titel: "Illegitimate children of the medical sciences" - quackery in Tidsskriftet 1900 - 24 Läs online Författare: Lillestöl, Kristine ; Schiötz, Aina Språk: Nor Antal referenser: 47 Dokumenttyp: Artikel UI-nummer: 12017762

Tidskrift

Tidsskrift for Den Norske Laegeforening 2011;131(24)2512-6 ISSN 0029-2001 E-ISSN 0807-7096 KIBs bestånd av denna tidskrift

Sammanfattning

Spørsmålet om kven som skal ha lov til å behandle sjuke, har vore debattert i fleire hundreår. I Noreg vart emnet særleg aktualisert i den siste halvdelen av 1800-talet og dei fyrste tiåra av 1900-talet, då den såkalla kvakksalvarlova vart endra fleire gonger. Tilhøvet mellom legar og uautoriserte behandlarar kunne ofte vere anstrengt, og spørsmålet om korleis ein best kunne kjempe mot «Kvaksalver-Uvæsenet» vart i denne perioden mykje diskutert i Den norske lægeforening. Dette spegla seg også i Tidsskriftet, og i perioden 1904-24 vart kvakksalverispørsmålet rekna som ei så viktig sak at det vart oppretta ein eigen spalte om emnet. Med spalten som kjelde er det mogleg å få innblikk i kva legane la i nemninga «kvakksalveri», kva haldningar dei hadde til kvakksalvarvesenet, og kva som var viktige kampsaker. «Kvakksalveri» famna eit vidt spekter av behandlingsformer. Vern om helsa og velferda til pasientane var utan tvil ein vesentleg motivasjon for legane sitt engasjement i kampen mot «Uvæsenet». Men altruismen var ikkje einerådande, dei hadde òg eigne interesser å forsvare: I ei tid då legane framleis stod på eit relativt svakt fagleg grunnlag, var kampen mot «tjuvar» på medisinen sin marknad også ein kamp for å verne om profesjonen.