"Vi laerte av kvarandre". Erfaringar frå eit tverrprofesjonelt studentsamarbeid i praksisstudium
Sammanfattning
Tverrprofesjonelt samarbeid (TPS) og kunnskapsbasert praksis
(KBP) er eit aukande satsingsområde blant helsepersonell og for utdanningsinstitusjonar.
Studentar som deltek i TPS i praksisstudium er
venta å få auka forståing for andre sin kompetanse i tillegg til å styrka
eigen profesjonsidentitet.
Formål: Denne artikkelen drøftar studentar si læring av TPS ved å
delta i fagutviklingsarbeid i praksisstudium.
Metode: Ergoterapeut- og sjukepleiarstudentar i praksisstudium
ved Spinaleininga og Ergoterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus
deltok i eit tverrprofesjonelt studentprosjekt i perioden 2011-
2013. Prosjektet var ein del av fagutviklingsarbeidet ved Spinaleininga
og fokuserte på korleis ein kunne medverka til tettare TPS i praksisstudiet
ved å implementera KBP i påkledingstrening for pasientar med
ryggmargsskade.
Resultat og konklusjon: Gjennom prosjektet utvikla studentane
positive haldningar til TPS, fekk innsikt i kvarandre sin faglege kompetanse
og fekk styrka eigen fagidentitet. Leiingsforankring og tett
samarbeid mellom involverte partar er naudsynt for gjennomføring av
utviklingsprosjekt. Studentane var ein ressurs for fagutviklingsarbeidet
i praksisfeltet og bidrog til utvikling av ein ADL-plan som framleis er i
bruk i avdelinga.