Sammanfattning
Det har lenge vore vanleg
klinisk praksis å tilrå inhalasjon
av ß2-agonistar før
antikolinergika og steroid.
Dette er basert på ein teori
om at førstnemnte vil utvide
bronkiane, auke lungeoverflata,
og dermed betre effekten
av sistnemnte. Då det er
forskjellar i når ein oppnår
full bronkodilatasjon etter
inntak av ulike ß2-agonistar,
finst det òg fleire ulike tilrå-
dingar på kor lenge ein bør
vente mellom dei ulike inhalasjonsmedisinane.
Det finst derimot ikkje støtte
i litteraturen for å tilrå ei
spesifikk rekkefølgje for
administrering av inhalasjonsmedisinar
eller at ein bør
vente ei gitt tid mellom dei
ulike medisinane. Teorien
støttast heller ikkje av at fleire
inhalasjonsmedisinar finst
tilgjengelege med ein kombinasjon
av ß2-agonistar og
antikolinergika eller steroid.
Bruk av fleire ulike inhalatorar,
dårleg inhalasjonsteknikk
og etterleving er vanlege
årsaker til manglande terapeutisk
effekt og redusert sjukdomskontroll
ved obstruktiv
lungesjukdom. God kjennskap
til dei ulike inhalatorane,
hjelpemiddel og rett inhalasjonsteknikk
gjer det lettare
for legen å oppdage og korrigere
potensielle misforståingar
og problem pasienten har