Sök artiklar i SveMed+

Observera: SveMed+ upphör att uppdateras!



Individuell plan i palliativ fase – ei hjelp til meistring for pårörende
Engelsk titel: Individual plan in palliative phase - a help for adaptation among relatives Läs online Författare: Lunde, Sölvi Anne Eide Språk: Nor Antal referenser: 42 Dokumenttyp: Artikel UI-nummer: 17120224

Tidskrift

Sykepleien Forskning 2017;12(e-63670)1-13 ISSN 0806-7511 KIBs bestånd av denna tidskrift Denna tidskrift är expertgranskad (Peer-Reviewed)

Sammanfattning

Bakgrunn: Pasientar i slutten av livet ønsker ofte å vere heime, og det kan vere avgjerande korleis dei pårørande meistrar heimesituasjonen. Ein individuell plan kan sikre tverrfagleg samhandling med pasienten og dei pårørande i eit pasientforløp. Føremål: Målet med studien var å undersøke korleis individuell plan i palliativ fase bidrog til meistring hjå pårørande. Metode: Studien var kvalitativ. Dataa vart samla inn i to fleirstegsfokusgrupper med 12 vaksne etterlatne. Fenomenologisk-hermeneutisk metode vart brukt for å undersøke erfaringane dei hadde opplevd. Studien var godkjend av NSD. Resultat: Informantane skildra ein krevjande kvardag i kontinuerleg beredskap. Den individuelle planen vart opplevd som ei støtte. Innhaldet og prosessen fekk fram ressursar og struktur, og det skapte meining og samanheng. Planen bidrog til at informantane opplevde håp, at dei var ein ressurs og inngjekk i samarbeidet kring pasienten.«Personsentrert omsorg» oppsummerer den heilskaplege forståinga. Temaa «lette børa – dele ansvaret» og «å vite at nokon bryr seg» er presenterte i resultatdelen, og fokusområda «pårørande treng støtte for å vere ein omsorgsressurs» og «personsentrert samarbeid» er drøfta i artikkelen. Konklusjon: Det å ha ein individuell plan for palliativ omsorg kan bidra til meistring hjå pårørande. Tidlegare etablering av individuell plan, personsentrerte relasjonar og samhandling kan styrke brukarmedverknad og samarbeid med pårørande. Belastninga på dei pårørande kan minkast gjennom å avklare viktige spørsmål om behandling og framtid. Ved å styrke meistringa til dei pårørande legg tenesta til rette for ei betre livsavslutning i palliativ fase. Det er behov for vidare forsking på kva faktorar som verkar inn i arbeidet med individuell plan i palliativ fase og innanfor pårørandesamarbeid.