Engelsk titel: Sweet music or cacophony? - Language and realities of the Coordination Reform
Läs online
Författare:
Sörbö, Jan Inge
Email: jis@hivolda.no
Språk: Nor
Antal referenser: 20
Dokumenttyp:
Artikel
UI-nummer: 14013180
Sammanfattning
Samhandlingsreforma framstiller det som at dei tre største utfordringane til norsk helsevesen; betre pasientforløp, meir vekt på førebygging og ei økonomisk berekraftig utvikling, kan løyast med eitt og same grep. Denne måten å omtala problema i helsevesenet på, løyner dei faktiske konfliktane mellom dei ulike målsetjingane. For brukarar av det psykiske helsevernet, som kan vera særleg sårbare for manglande stabilitet og kontinuitet, kan dei sterke økonomiske føringane føra til ein forverra situasjon. Artikkelen legg vekt på å analysera korleis den politiske styringsteksten harmoniserer motsetnader og skaper eit falskt inntrykk av harmoni, gjennom å ta i bruk reiskap frå myte- og diskursanalyse.
Retorikken i Samhandlingsreforma er harmoniserande og tilslørande. Den dekker til konflikten mellom ambisjonar og økonomiske realitetar. Men når den økonomiske realiteten blir trengt ut av språket, kjem den tilbake som nissen på lasset. Ord som brukarmedverknad, samhandling og gode pasientforløp misser si opphavelege tyding, og tyder i staden sparing, sparing og sparing.
I denne artikkelen skal vi først sjå på det generelle perspektivet i St.meld. nr. 47 Samhandlingsreformen (2008–2009), og deretter stilla nokre spørsmål om kva dette kan innebera for det psykiske helsevernet.