Sök artiklar i SveMed+

Observera: SveMed+ upphör att uppdateras!



Leve hele livet - ei gåvepakke for ergoterapeutar? Ergoterapeutar si rolle i implementering av Stortingsmelding 15 (2017-2018)
Engelsk titel: Living your whole life - a gift for occupational therapists? The role of occupational therapists in the implementation of Stortingsmelding 15 (2017-2018) Läs online Författare: Stigen, Linda ; Askeland, Synnöve ; Helling, Maria Risås Språk: Nor Antal referenser: 14 Dokumenttyp: Artikel UI-nummer: 20020086

Tidskrift

Ergoterapeuten (Oslo) 2019;62(6)38-45 ISSN 0800-3475 KIBs bestånd av denna tidskrift

Sammanfattning

Det er både eit nasjonalt og internasjonalt helsepolitisk mål å fremme aktivitet og deltaking for eldre. Hensikta er å legge til rette både for at den enkelte eldre skal få eit godt og meiningsfullt liv, og for å møte eldrebølga på ein måte som skapar mindre behov for offentlege tenester. Den nyaste reforma til regjeringa omhandlar nettopp dette. Stortingsmelding 15 Leve hele livet er ei kvalitetsreform for eldre. Reforma oppfordrer blant anna til at eldre skal ta i bruk eigne ressursar for å dekke behova sine i ulike fasar av alderdommen. Kommunane skal tilrettelegge for at helsetenester i større grad skal ytast i heimen med utgangspunkt i den enkelte sine behov. Ei slik omstrukturering i helseog omsorgstenestene krev riktig kompetanse på riktig stad. Denne artikkelen vil ta for seg kva rolle ergoterapeutar er tiltenkt i dette omstruktureringsarbeidet, og kva rolle dei potensielt kan ha. Det er gjort ei dokumentanalyse av stortingsmeldinga som ligg til grunn for resultata. Hensikten med artikkelen, som er basert på vår bacheloroppgåve, er å synleggjere kva ergoterapi kan brukast til i implementering av reforma. På den måten kan kommunane lettare inkludere ergoterapeutar i planlegging- og innføringsarbeidet. Resultata viser at stortingsmeldinga i liten grad trekker fram ergoterapeutar sin kompetanse. Ut frå dokumentanalysen kjem det likevel fram at ergoterapeutar sit inne med relevant kompetanse som kan bidra til gode og effektive tenester for dei eldre.